Siri og rejsefælle fra Stord i Norge boede på Nuovo Hotel Metropole i Bellagio fra d. 4. til d. 10. august 2007.
August 2007
Vi ankom Bellagio med båt. Uten å kunne ett ord italiensk hadde me utan problemer klart å ta oss fram frå Malpensa (flyplass) til Bellaggio med tog og båt. Og herlige Hotel Metropole var rett der på kaien. Noko som gjorde alt veldig enkelt. Me kunne reisa med båt og ferje til mange flotte små landsbyar i området, og tillogmed ein tur til Sveits med lokalbussen (fekk ein liten ide om kva dei meiner med italiensk køyring) :) På ettermiddagen spaserte me rundt i Bellagio, ein roleg plass utan mykje trafikk, og spiste nydeleg italiensk is til den store gullmedaljen. Og det var nok av mange gode restaurantar med hyggelige kelnare. Ein ting som var litt vanskeleg å venne seg til i butikkane var alle skilta som sa "please do not touch", men med nokre høflege fraser vart det straks litt betre. Bellaggio er ein roleg landsby som passa godt til våre behov, og me reiser gladeleg tilbake!!!! Hotellrommet vårt hadde "restricted view", noko me ikkje er enig i. Frå sengene våre såg me rett ut på Como sjøen innramma i flotte fjell.....suuuk. Tusen takk for denne gong!